Om meg

"Glänzend auch der Tenor Aasmund Kaldestad..."

- Etter "Die Massnahme", Ulrich Weinzierl , Welt, Tyskland

"Tenoren Aasmund Kaldestad tolkar dei på utsøkt vis"

- Etter "Vinje, vår mann", Arve Sandal, Firda

"Mang en revyskuespiller ville vært lykkelig for å ha plastikk, mimikk og komisk timing som disse to sangerne."

- Etter "Herbjørns Verden", Mona Levin, Aftenposten

Eg er fødd og oppvaksen på Stord i Sunnhordland, og har dei siste ti åra gjort østfolding av meg.  Bur no i Halden.

Eg har jobba som frilanssongar sidan 2000.

Utdanninga mi er frå Musikkonservatoriet i Stavanger og The Royal Academy of Music i London.

 

Eg syns det er stas å jobbe innanfor ulike musikalske sjangrar, og har difor jobba innan både opera, musikal, show og pop. Har også jobba ein del med humorshow.

Og så syns eg det er kjekt å jobbe med andre:

Eg er fast medlem av gruppa Tenorane og Steffen Horn, Østfold vokalensemble og Jarlsberg vokal.

I 2012 gav eg ut mitt første album, "Green", under bandnavnet The Merlin project. Dette er eit samarbeid med multimusiker og produsent Freddy Holm.

Så skreiv eg musikken til musikalen "Den hvite dame" av Hanne Hagerup i 2016. Her fekk eg god hjelp av Matthew Reeve.

Våren 2018 gav eg ut singelen "I denne stunda", som er første publikasjon av det som skal bli eit nytt album. Her nyttar eg kun tekstar av far min, Per Olav Kaldestad.

This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now